Med over 30 års erfaring frå helse- og omsorgsrelatert arbeid har eg dei siste 19 åra arbeidd i heimesjukepleien i Valldal.
Sidan våren 2023 har eg kombinert arbeid med utdanning ved Sirius Naturterapeutiske Skole i Haugesund. Hausten 2025 tok eg eksamen som Naturmedisinsk Muskelterapeut - ei NNH-godkjent utdanning - og driv no Bjørstad Velvære.
Naturmedisinsk Muskelterapi har blitt ei viktig retning i livet mitt. Eg brenn for det heilskaplege arbeidet med kroppen, der behandlingane blir tilpassa den enkelte og kan variere med element frå fleire teknikkar - etter behov.
Vi lever i eit samfunn med høge krav og høgt tempo. Erfaringane eg har gjort meg gjennom utdanning, praksis og eigen kropp - har styrkt ønsket mitt om å tilby ein stad der ein kan lande litt meir i kvardagen.
For meg handlar det om å møte menneske der dei er, med respekt for kroppen sitt eige tempo.
Ein kropp i mest mogleg rett og funksjonell balanse gir betre føresetnadar for at musklar, ledd, nervesystem og sirkulasjon kan fungere godt saman.
Eg arbeider med:
Teknikkar som kan nyttast:
Behandlinga blir alltid tilpassa kvar enkelt og justert i takt med kroppen sine signal og behov.
