Hos Bjørstad Velvære tilbyr eg individuelt tilpassa behandling for alle aldrar - med fokus på kropp, ro og velvære. Eg ser kroppen som ein dynamisk heilskap, der musklar, nervesystem og energi påverkar kvarandre.
Grunnlaget for arbeidet er respekt for kroppen si eiga evne til å finne balanse, kombinert med målretta manuell behandling som kan hjelpe kroppen til å sleppe spenninger, auke funksjon og skape djup avslapping.
Gjennom kvar behandling har eg fokus på tilpassing til den enkelte - kva du treng her og no, og kva som kan gi varig effekt for kvardagen din. Eg arbeider med nærvær, faglig tryggheit, og respekt for deg som menneske - ikkje berre for symptom, men der heile deg blir sett og møtt.
MUSKELTERAPI FRA 7ÅR OG OPPOVER
Dette er hovedbehandlinga ved Bjørstad Velvære, og den mest heilskaplege og omfattande forma for kroppsbehandling eg tilbyr.Behandlinga er målretta og tilpassa, med fokus på å løyse spenningar i musklar og bindevev, og støtte ro og balanse i kroppen og nervesystemet.
Her blir fleire teknikkar kombinert, som Kraniosakralterapi, Triggerpunktarbeid, Faciastrekk, Meridian/energirelaterte teknikkar og massasje.
Muskelterapi blir ofte vald av klienter som ønskjer grundig arbeid, anten som ei enkelt behandling eller ved behov som del av ei tilpassa oppfølging.
Mange opplever bedre røyrsle, mindre ubehag og ei meir avspent kjensle i kroppen. Behandlinga er skånsom og heilheitleg, og kan bidra til betre livskvalitet i kvardagen.
BABY-/BARNEBEHANDLING 0-7ÅR
Ei mjuk og varsom behandling tilpassa dei aller minste.
Babyer og barn kan, akkurat som vaksne kjenne på ubehag og spenningar i kroppen.
Behandlinga blir alltid tilpassa barnet sin alder, dagsform og individuelle behov.
Foreldre tek kontakt av ulike grunnar, til dømes at dei opplever at barnet har spenningar i nakke/rygg, helst vil ligge eller sjå til ei side, verker uroleg eller viser teikn til anna ubehag. Eg nyttar mjuke, snille teknikkar fra kraniosakralterapi.
Behandlinga skjer på barnet sine premisser og forelder eller føresett er med, tett på, heile tida. Vi tek pauser og tilpasser undervegs. Målet er å skape ei roleg, trygg og behageleg stund for barnet.
KLASSISK MASSASJE
Dette er ei velkjend og trygg form for kroppsbehandling der mjuke og rytmiske grep blir brukte for å løyse opp spenningar i muskulaturen og skape ro i kroppen. Behandlinga har fokus på avspenning, betre sirkulasjon og ei meir avslappa kjensle.
Massasjen vert tilpassa individuelt - frå roleg og avslappande til meir målretta, alt etter kva kroppen din treng. Behandlinga kan bidra til betre kvardagsvelvære, mindre ubehag og ei kjensle av meir lettheit og ro i kroppen.
FOKUSBEHANDLING
Ei kortare, målretta behandling med fokus på eit bestemt område.
Behandlinga blir retta mot eit bestemt område der du kjenner på spenning, stivheit eller ubehag, til dømes nakke og skuldre, rygg, hofter eller bein.
Individuelt tilpassa behandling der eg nyttar ulike teknikkar som kraniosakralterapi, triggerpunkt, faciastrekk, meridianer og klassisk massasje. Eit godtalternativ om du ønskjer ei målretta behandling på kortare tid.
Ei fin behandling å kombinere med infraraud sauna.
MAGNETMASSASJE
Ei roleg og skånsam kroppbehandling der mjuk massasje blir kombinert med bruk av magnetar. Behandlinga har fokus på avspenning, ro og balanse i kroppen, og kan opplevast som djupt avslappande.
Magnetmassage kan bidra til ei mjukare kjensle i muskulaturen, støtte sirkulasjon og gi kroppen rom til å sleppe spenningar. Behandlinga passar godt for deg som ønskjer ei behagelig velværebehandling med fokus på nærvær, ro og betre kvardagsvelvære.
Er du usikker på kva behandling du skal velgje?
Bestill muskelterapi - så finn vi det som passar best for deg.