Ein pust i kvardagen for deg som ønskjer å lytte til kroppen sine signal og ha ein kvardag med meir ro, flyt og naturlig balanse.
Behandlingane er i hovudsak basert på naturmedisinsk muskelterapi - ei heilskapleg behandling der eg arbeider med musklar, bindevev og nervesystem, tilpassa deg slik du er akkurat no. Denne terapiforma inkluderer element fra kraniosakralterapi, klassisk massasje, faciaarbeid og energiteknikkar.
Heile mennesket er i fokus, med mål om betre samspel og funksjon - på kroppens eigne premissar.
Behandlinga blir tilpassa kvar enkelt, med nærvær og respekt for eige tempo der og då.
Du treng ikkje "feile noko" for å kome hit. Nokon kjem for lindring, andre for balanse - og mange berre for å gi seg sjølv litt rom og ro i kvardagen.